Jørn Eggum i Fellesforbundet er først ut i årets lønnsforhandlingar. Kva Fellesforbundet blir samd med NHO om, blir førande for dei andre lønnsforhandlingane. Unios forhandlingsleiar meiner det bør vere mogleg med ein lønnsauke på rundt 40.000 kroner i år. Arkivfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Unio meiner ein lønnsvekst på 40.000 kroner er mogleg i lønnsoppgjeret i år

Det nærmar seg tida for lønnsoppgjeret i vår, og hovudorganisasjonen Unio meiner det er rom for minst 1 prosents reallønnsvekt i år. Det utgjer nærare 40.000 kroner.

I fjor fekk frontfaga i industrien, som er førande for nesten alle andre oppgjer, ei lønnsramme på 5,2 prosent. Då var prognosen for prisstigning i 2023 på 4,9 prosent, noko som ville gi ein reallønnsauke på 0,3 prosent.

Men slik gjekk det ikkje – prisane steig med 5,5 prosent, og lønnsoppgjeret enda med redusert kjøpekraft for store grupper av arbeidstakarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år meiner Unios sjefforhandlar at det er rom for ein reell lønnsvekst som monnar.

– Det er gode tider i industrien. Det er rom for eit godt oppgjer. Viss ikkje arbeidstakarane tek det, så er det nokre andre som tek det. I år er det rom for minst 1 prosent reallønnsvekst, seier Unios forhandlingssjef Klemet Rønning-Aaby til Aftenposten.

Fredag formiddag presenterer Det tekniske berekningsutvalet (TBU) rapporten som avklarer mykje av innhaldet for lønnsoppgjeret, som er eit hovudoppgjer. Då får forhandlarane på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida svaret på to viktige spørsmål, nemleg kva lønnsveksten vart i fjor, og kva prisveksten blir i år.

Viss TBUs prognose for prisstiginga blir 4,5 prosent, betyr det at Unio vil ha minst 5,5 prosents lønnsvekst til alle lønnstakarar. I tillegg meiner Unio og andre grupper i offentleg sektor at dei skal ha meir enn ramma for frontfaga.

– Det er nødvendig på grunn av rekrutteringsproblema for kvalifiserte sjukepleiarar og lærarar i offentleg sektor. Det er heilt nødvendig at rammene er noko høgare, meiner Rønning-Aaby.

Forhandlingane startar i midten av mars. Då blir det Fellesforbundet med leiar Jørn Eggum i spissen som går først ut i forhandlingar med NHOs Norges Industri. (©NPK)