Å jobbe heimanfrå er det mange som ønsker å fortsette med – sjølv etter at pandemien er ferdig, viser ei ny undersøking frå Oslomet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Undersøking: Sju av ti vil halde fram med heimekontor etter pandemien

Sju av ti nordmenn ønskjer å halde fram med heimekontor minst éin dag i veka, sjølv etter at pandemien er over, viser ei ny undersøking.

Det kjem fram i Oslomet-rapporten «Hjemmekontor våren 2021 – Omfang, utvikling og kjenneteikn», som blir lansert fredag.

Undersøkinga er gjennomført på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet, som ønskjer å kartleggje bruken av heimekontor, ifølgje NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skulle tru at folk er lei av joggebukse og PC-skjerm på kjøkkenbordet, men slik er det ikkje, seier forskar Mari Holm Ingelsrud ved Oslomet.

Ingelsrud seier at rundt halvparten svarer at dei har lyst til å jobbe minst to dagar i veka heimanfrå etter at pandemien er over.

Regjeringa tilrår framleis at alle som har moglegheit til det, har heimekontor. I gjenopningsplanen til regjeringa, som er delt inn i fire trinn, blir det nemnt at det framleis kan vere behov for noko heimekontor.

(©NPK)