– Folk bør ikkje no planleggje for utanlandsreiser i påska, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H). Foto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

UDs forlengjer reiseråd til 1. mars: – Ikkje planlegg for utanlandsreiser i påska

UD forlengjer rådet om å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land til 1. mars. Dei forventar dessutan at rådet kan bli ytterlegare forlengde.

– Det må forventast å kunne vere reiserestriksjonar òg når påska kjem, og folk bør ikkje no planleggje for utanlandsreiser i påska, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i ei pressemelding.

– Sjølv om vi har innretta oss til pandemien i snart eitt år, er vi framleis langt unna ein normalsituasjon, og smittesituasjonen endrar seg raskt, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil framleis gjerast vurderingar kvar veke om eventuelle unntak for land i EØS og Schengen-området der det er nok låg smittespreiing.

Per i dag gjeld dette berre sju område i Finland, som gjekk frå raudt til gult nivå natt til måndag.

Etter at grensene til ei rekkje land vart opna i sommarmånadene i fjor, har heile Europa utanfor Norden vore raude på smittekartet sidan oktober. Sidan har òg dei fleste regionane i Norden vorte raude.