Illustrasjonsfoto: Knut Fjeldstad/NTB scanpix/NPK.

Trygg Trafikk: Ni mista livet i trafikken i august

Ni personar mista livet på norske vegar i august i år, ifølgje oversikta til Trygg Trafikk. Til saman mista 32 personar livet i dei tre sommarmånadane.


Trygg Trafikk sine tal for august – og dermed for heile sommaren – ligg to over det Statens vegvesen opplyste søndag.


Gjennomsnittet for sommarmånadane dei siste fem åra er 46 omkomne, ifølgje Trygg Trafikk. Dermed ligg talet i år betydeleg lågare enn det har vore dei siste åra.


Dessverre starta september med store tap i trafikken. Søndag mista fem personar livet då ein veteranbil køyrde i fjellveggen på fylkesveg 651 ved Rjukan.


– Hausten starta dessverre ikkje slik vi håpa. Alvorlege ulykker der mange liv går tapt, minner oss om kor skjørt livet er, seier kommunikasjonssjef Ann-Kathrin Årøen i Trygg Trafikk. (©NPK)