Tredje vaksinedose til folk med alvorleg svekka immunforsvar

Personar med alvorleg svekka immunforsvar får no tilbod om ein tredje dose med koronavaksine. Aktuelle pasientar får brev frå Helse Førde, men det er krevjande å finne alle, opplyser helseføretaket i ei pressemelding.

Fullstendig oversikt over pasientgrupper, inkludert liste over aktuelle immundempande medisinar som gjer tredje dose nødvendig, er å finne på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

– Lista over aktuelle pasientar er omfattande, og det er difor vanskeleg å sikre at alle aktuelle pasientar blir identifiserte av Helse Førde. Vi ber derfor om at pasientar som er omfatta av lista til Folkehelseinstituttet, men som ikkje mottar brev frå Helse Førde, tar kontakt med legekontoret i sin kommune, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til dømes gjeld dette pasientar som nyttar følgande medikament:

• Prednisolon, 20 mg eller meir dagleg, med varigheit lenger enn ein månad

• Metotreksat (Meterex, Methotrexat, Ebetrex)

• Azatioprin (Imurel)

Unntak er pasientar i pågåande kreftbehandling som vil få innkallingsbrev ved neste kontakt med kreftavdelinga.

Vaksinen skal setjast i kommunen

Regjeringa har avgjort å tilby ein tredje dose koronavaksine til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Spesialisthelsetenesta har fått ansvar for å identifisere dei som skal ha tilbod om tredje dose, men vaksinen skal setjast i regi av helsetenesta i heimkommunen til pasienten. Pasientar som får brev må ta kontakt med helsetenesta i kommunen for å få ytterlegare informasjon om sjølve vaksinasjonsprosessen.

Begge mRNA-vaksinene (Comirnaty/BioNTech-Pfizer og Spikrvax/Moderna) kan nyttast, uavhengig av kva vaksine som blei gitt som første og andre dose. Intervallet mellom andre og tredje dose skal vere minimum fire veker.