Illustrasjonsfoto.

Travel natt for politiet

Både i Eid og elles rundt om i Trivselsfylket har politiet hatt hendene fulle i natt. Les meir her.

For ein time sidan melde faren til den tre år gamle jenta som vart funnen åleine vandrande i Sogndal sentrum seg. Jenta kunne ikkje gjere greie for seg, og det såg ut som ho hadde stått opp og gått ut på eiga hand. Faren vart sett i kontakt med dei som fann jenta. Saka blir fylgt opp av barnevernet.

KL. 0808, Nordfjordeid, lause hestar, 2 lause fjordingar ved Energiverket/Uldegrova. Eigar vert beden ta seg ein tur.

Eid - Bilberging måtte til då nokre unge damer hadde låst seg inne i varerommet på ein bil.

Eid - bråk ved ei serveringsbod - ein mann i 50 åra meldt for ikkje å oppgje personalia for politiet.

Sogndal - Ein mann i 30 åra og ei kvinne i 20 åra satt i arrest etter å ha vore truande/ amper ved taxi sentralen.

Førde - politiet vist vekk ungdom nokre rusa som jakta på pokemon ved Sunnfjord museum.

Florø - Politiet til Kinnvegen der ein person fekk pålegg om å dempe musikken.

Eid ein rusa mann i slutten av ten åra vist vekk frå festivalområdet grunna ufin oppførsel.

Eid, ein rusa mindreårig ungdom vist vekk frå festivalområdet. Foreldre varsla.

Eid: 6 menn i 20-åra og to menn i 30-åra er mistenkt for bruk/besittelse av narkotika og er bortvist frå festivalområdet. Sak er oppretta.

Eid. 2325. Kvinne i 20-åra meldt for drikking på offentleg stad.

Eid. Ein rusa mann som gjekk langs rv 15 melllom Eid og Haugane vart kjørt heim av politiet.

Sogndal. 2304. Ein mann mistenkt for promillekøyring i sentrum. Tatt med til lege for blodprøve.

Eid. 2230. Ein mann meldt for urinering på offentleg stad.

Gaular. Bygstad. Ein mann i 30 åra ilagt gebyr for køyring med ATV utan bruk av hjelm.

Eid. Kl 2117. Ein mann til legevakta for kontroll etter å ha blitt slått til av ein navngitt mistenkt.

Eid. 2100 Rusa mann innsatt arrest etter ordensuro og forulemping av politiet.

Eid. Kl 1915. Overstadig rusa mann innsatt drukkenskapsarrest.