Sida på ein brannbil med teksten Gloppen Brannvesen

Traktorbrann i Breim

Klokka 13:40 tysdag melde politiet om brann i ein traktor i Årdal i Breim. Det blei ikkje meldt om personskade.

På politiloggen vart det opplyst at traktoren stod nokre meter frå busetnad, og at det ikkje var umedelbar fare for spreiing. 

Klokka 14:05 blei brannen meld sløkt. 

Powered by Labrador CMS