Trafikkuhell i Gloppen

Klokka 18.26 onsdag kveld blei det meldt om eit trafikkuhell i Sørstrandsvegen i Gloppen, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

To bilar var involverte, men det er ikkje meldt om personskade.

Det er heller ikkje meldt om trafikale problem, men ein av bilane trengde assistanse av bilbergar.