Trafikktryggleiks-organisasjonar fryktar fleire alvorlege ulykker med yngre sjåførar på vegane. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Trafikk-organisasjonar kritiske til 16-åringar bak rattet

Trygg Trafikk og Ung i Trafikken seier nei til forslaget om å la 16-åringar få førarkort for bil.

Det kjem fram i eit høyringssvar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet etter at Demografiutvalet har foreslått å la 16-åringar i distrikta få høve til å ta sertifikat på bil, skriv Nationen. Bakgrunnen for forslaget er at ungdom synest det er utfordrande å komme seg rundt, på grunn av dårleg kollektivtilbod. Dette kan igjen føre til at fleire flyttar bort frå distrikta.

Men begge trafikktryggleiks-organisasjonane fryktar fleire alvorlege ulykker med yngre sjåførar på vegane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi reagerer også sterkt på den lettvinte og useriøse måten forslaget blir presentert på. Alle forsøk som er knytt til risiko for liv og helse, bør ha eit fagleg grunnlag og ein plan for evaluering. Slik tenking er heilt fråverande her, skriv Trygg Trafikk i høyringssvaret sitt, ifølgje avisa.

Ung i Trafikken er Noregs einaste trafikktryggleiks-organisasjon for ungdom. Dei fryktar at 16-åringar bak rattet kan gi konsekvensar for målet om å ha null dødsfall i trafikken.

– Dei fleste alvorlege ungdomsulykkene skjer nettopp på landeveg med lite trafikk. Eit krevjande vegnett med krappe kurver, krevjande stigningsforhold og vekslande føreforhold stiller store krav til planlegging og sjølvkontroll. I grisgrendte strøk er det ofte også svært avgrensa med politikontrollar, noko som gjer det endå mindre tilrådeleg å gjennomføre eit slikt prosjekt her, skriv dei.

(©NPK)