Totalt 17 smitta i Gloppen

Det er no registrert 17 personar som er smitta av koronaviruset i Gloppen kommune sidan fredag 22. oktober.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Tre nye er registrert smitta i dag. Desse er knytte til Sandane skule, Nordstranda skule og Breim skule.

– Oppgåva med smittesporing og varsling av nærkontaktar er no primært ei oppgåve for den smitta eller føresette. Kommunen vil bistå med rettleiing til den smitta og utlevering av test-utstyr til nærkontaktar. Dette er i tråd med nasjonale retningslinjer, heiter det i pressemeldinga.

Desse skal reknast som nærkontaktar:

• Nære nærkontaktar er husstandsmedlemer eller tilsvarande. Uvaksinerte nære nærkontaktar har karanteneplikt, men kan erstatte karantene med dagleg testing i sju dagar, og då leve som vanleg.

• Øvrige nærkontaktar er personar som ein har vore i lag med nærare enn 2 meter i meir enn 15 minutt, eller alternativt har hatt direkte berøringskontakt med. Andre nærkontaktar har ikkje karanteneplikt, men er anbefalt å teste seg.

Både nære og øvrige nærkontaktar (vaksinerte og uvaksinerte) skal vere merksame på symptom i 10 dagar etter kontakt med smitta. Ein bør teste seg på nytt dersom ein får symptom seinare i denne perioden.

– Kommunen har bestemt å innføre besøkskontroll ved helse- og omsorgsinstitusjonar. Dette for å vere «føre var». Ut over dette følgjer kommunen situasjonen, og vurderer at det er framleis ikkje er grunnlag for å innføre tiltak og restriksjonar i Gloppen kommune.