Frå fjorårets High Camp. Foto: Martin Innerdal Dalen.

Toppturfestival med tryggleik på programmet

High Camp Sunnmøre går av stabelen 21. til 24. mars i Hjørundfjorden. 450 toppturentusiastar kjem dit for mellom anna å lære om snøskred og tryggleik i fjellet.


– Nyheiter i år er skredworkshop for nybyrjarar og vidarekomne, som er sett på programmet for å ha meir fokus på skred og skredlære, seier Lisa Kvålshaugen Bjærum, ny festivalsjef for High Camp, i ei pressemelding.


Fri Flyt står bak festivalen, som for fjerde gong vert arrangert på Sagafjord Hotel på Sæbø ved Hjørundfjorden i Ørsta kommune.


– Med tanke på at det nyleg har vore ei fatal skredulykke i området, er det viktig for oss å setje så mykje fokus som mogleg på kompetanseheving rundt skred og sikker ferdsel i vinterfjellet. Vi ønskjer at High Camp-deltakarane skal komme heim frå festivalen med ny kompetanse som gjer dei meir skikka til å ferdast trygt i fjellet i åra som kjem, seier Kvålshaugen Bjærum.


Også kveldsprogrammet er prega av skred og sikkerheit. Gordie Smith frå Uteguiden skal snakke om metoden sin for å unngå skredfare. Marit Svarstad Andresen frå NVE skal snakke om Varsom og snøskredvarslinga. Forfattar Christer Lundberg Nes skal fortelje om boka ski «Skikompis» og det han kallar skikompismønsteret. (©NPK)