Statsminister Erna Solberg under ein pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Tometeren blir skrota – no gjeld einmetersregelen igjen

Statsminister Erna Solberg (H) varslar at det igjen skal vere einmeteren som gjeld som råd for kor god avstand nordmenn må ha mellom kvarandre.

Då tiltaksnivået vart stramma inn før påske, gjekk vi frå 1 til 2 meter i avstandskrav. I første trinn av gjenopninga av Noreg blir dette reversert, slo statsministeren fast på ein pressekonferanse tysdag.

Dermed er det igjen einmetersregelen vi har vorte kjende med sidan mars i fjor som er gjeldande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil likevel vere krav til 2 meters avstand mellom grupper på enkelte arrangement.