Arkivfoto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Tollen på sauekjøt blir fjerna mellom 18. mai og 7. juni

Landbruksdirektoratet fjernar tollen på sau i tre veker fordi det ikkje er nok norsk sau til å dekke etterspurnaden. Det er første gong dei reduserer tollsatsen for sauekjøt.

– Vi meiner det er naudsynt å setje ned tollen for å leggje til rette for import som supplement til norsk produksjon, seier seniorrådgivar Anders Hellestveit i Landbruksdirektoratet til Nationen.

Direktoratet skriv på nettsidene sine at reguleringslageret for sau har vore tomt sidan februar 2020, og at reguleringslageret for lam vart tomt i februar i år. Før dette var det eit «utfordrande overskot» av sauekjøt, skriv dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tollsatsen blir redusert frå 24,15 kroner per kilo til 0 kroner frå 18. mai til 7. juni, og gjeld for heile og halve ferske skrottar av sau. Dersom vurderinga ikkje endrar seg etter dei tre første vekene, vil direktoratet i starten av juni utvide importperioden med tre nye veker, seier Hellestveit til Nationen.

Direktoratet vil vidare følgje med på importen for å unngå at det gir eit overskot som får følgjer for norsk slakting til hausten.

(©NPK)