Tok niåring for smugrøyking – straffa henne med overgrep

Det var ei stygg overgrepssak i ein liten kommune i Sogn og Fjordane som nyleg vart rulla opp i Fjordane tingrett. Den tiltalte mannen som i dag er kring 50 år, vart til slutt dømt til fire års fengsel og må betale jenta ei oppreisning på 150.000 kroner. Mannen vart for ti år sidan dømt for å hatt sex med ei fjorten år gamal jente, og retten meiner han kan ha gjort overgrep mot fleire unge jenter i bygda.

I fleire år
Retten finn det prova at overgrepa starta i 1990, då jenta var ni år. Tiltalte tok henne på fersken medan ho smugrøykte, men lova å ikkje seie noko om ho gjorde han ei teneste tilbake. Ho vart beden om å gå til ei bu ved sjøen, der ho måtte onanere stefaren.Tiltalte forklarte henne at dette var heilt normalt, men at ho ikkje måtte seie noko.
Seinare skjedde ein 10-15 liknande overgrep her, i tillegg kom det fram ei lang rekkje andre overgrep mot jenta over mange år. Dei fann stad i dusjen, i senga, på kjøkkenet, ute og på veg til butikken, ved eitt høve var også ein annan mann med på overgrepa. Han skal også utnytta jenta fleire gongar etterpå.

Tilsto litt
Den tiltalte tilsto ein del mindre overgrep enn det tiltalen gjekk ut på, m.a. at dei dusja saman og befølte kvarandre. Han erkjende også å ha overgripe seg med å beføle jenta på veg til butikken.
Det var mor til jenta som fekk henne til å gå til politiet, då ho opna seg for henne fleire år etter at overgrepa fann stad. Det viktigaste for henne var å bli trudd av mora. Men også retten festa stor lit til den fornærma jenta si forklaring, og var ikkje i tvil om at den sexfikserte tiltalte hadde gjort alvorlege overgrep mot henne. Dei stiller seg heilt uforståande til tiltalte sin påstand om at ho har funne på desse historiene for å få erstatning.

- Forkasteleg
– Gjennom desse overgrepa har fornærma mista grunnleggande tryggleik i eigen heim. Det omfattande misbruket er utført av ein nær omsorgsperson som ho skulle ha eit nært tillitsforhold til. Ho fekk heller ikkje tilstrekkeleg vern frå andre omsorgspersonar i denne tida. Det er forkasteleg at tiltalte, som i staden for å få henne frå å røyke, i alt for ung alder, utnytta røykinga hennar til å skaffe seg seksuelle tenester. Overgrepa skjedde i ein periode då personlegdomen hennar vart forma, seier retten, som har lagt vekt på dei plagene jenta har fått i ettertid. M.a. har ho prøvt å ta sitt eige liv.
Dei fann ingen formildande omstende, og straffa vart 4 års fengsel og 150.000 kroner i oppreisning for jentas øydelagde ungdom.