Emil Helgheim (nærast) og Harald Oppheim Evebø opna kiosk og selde kortreiste varer.

To unge entreprenørar

Emil Helgheim og Harald Oppheim Evebø er to unge entreprenørar. Med svært kortreiste råvarer freista dei forbipasserande til ein handel.

Dei gjorde mesteparten av leksa på skulen og hadde ettermiddagen til disposisjon. Med behov for litt kontantar vart løysinga å lage kiosk. I den sterkt trafikkerte Åsavegen mangla det ikkje på kundar akkurat.

Kortreist

Varene dei baud for sal var svært kortreiste. På bordet hadde dei eple, pærer og plommer.

– Vi har plukka det i frukthagen til besten, Kjell Helgheim. Han ville ha ti prosent av det vi tener, men det får han ikkje, slår Emil (9) fast med eit smil.

– Epla og pærene kostar ei krone pr. stykk. Så har vi plommer i beger som kostar tre kroner, opplyser kompanjongen Harald (9). I tillegg serverte dei iste til tre kroner for eit beger.

I fleire timar var kiosken open, og varelageret gjekk tomt og måtte etterfyllast.

Les meir om dei to unge kremmarane i papirutgpåva fredag.