To turgåarar trong hjelp ved Lotsberg

To kvinner vart redda ned frå eit turområde i Stad i Vestland natt til tysdag. Dei to trong hjelp etter at dei måndag kveld kom vekk frå stien i bratt terreng.

Publisert

Det var Hovudredningssentralen som varsla om turgåarane rett før klokka 22 måndag kveld, opplyste politiet i politiloggen.

Frivillige vart òg kalla ut.

Redningsleiar Ståle Jamtli i HRS sa til NTB rett før klokka 2 at redningsmannskap hadde komme fram og arbeidet med å redda turgåarane ned.

Politiet stadfestar tysdag morgon at kvinnene vart henta ut av området ved hjelp av mannskap frå Røde Kors.

– Ingen av kvinnene verka skadde, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i ei melding til pressa. (©NPK)

Powered by Labrador CMS