To nye personar i Stad er smitta med covid-19

Ved bruk av hurtigtestar fekk to nye personar påvist covid-19-smitte i Stad kommune onsdag. Desse var begge nærkontaktar til den tidlegare smitta, og var sette i karantene tysdag kveld.

Det er gjort smittesporing kring dei to. Nærkontaktar er sette i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemer til nye nærkontaktar er sette i ventekarantene.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den eine av dei smitta arbeider som lærar på klassetrinn 3 til 8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og kan ha vore smittsam i skulemiljøet måndag denne veka. Alle elevar/tilsette på dei aktuelle klassetrinna er sette i karantene og vert testa torsdag. Dette er til saman omkring 40 personar. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene. Trinn 1 og 2 ved skulen er ikkje nærkontaktar til den smitta og er ikkje sett i karantene. Fordi karantenetiltaka fører til ein utfordrande bemanningssituasjon, vil det likevel verte heimeskule også for trinn 1 og 2 dei kommande dagane, heiter det i pressemeldinga.

I tillegg til hurtigtestar vart det onsdag tatt 50 PCR-testar på Nordfjordeid. Svar på desse er venta torsdag kveld.