Tredjeplass i slegge for Thomas Mardal i nordisk U20

To nye persar til Thomas Mardal

Thomas Mardal fekk i dag opp to,nye sterke resultat under nordisk U20 meisterskap i friidrett. Thomas kasta 67.76 slegge som heldt til tredjeplass, ein meter bak sølvet. Vinnar vart Aleksi Jaakkola frå Finland med 79.33.Thomas sitt kast var to og ein halv meter over den gamle persen på 65.22.
Seinare på dag var det diskos og der kom det ein ny pers der Thomas enda på andreplass med 58.68, vel meteren over den gamle persen på 57.64.
På 3000 m hinder søndag, kom Vincent Sondre Førde inn til fjerdeplass med tida 9.31.64.