Redningsaksjon med helikopter. (Illustrasjonsfoto)

To hjelpeaksjonar i natt

Ei jente og ein gut i slutten av tenåra var nedkjølte og vart sendt til sjukehus for kontroll etter å ha gått seg skorfaste i området Kletten i Naustdal i natt.

Dei hadde då vorte henta ned med eit SeaKing-redningshelikopter.

Politiet fekk melding om at dei to trengde hjelpe ein halvtime over midnatt natt til måndag. Både politi, Røde Kors, brannvesen bistod i tillegg til redningshelikopteret.


Hjelpeaksjon i Klettenområdet i Naustdal i natt.

I Sogndal vart ein gut i midten av tenåra måndag morgon funne i god form etter at det har vore leita etter han i heile natt. Det var Røde Kors som då melde at han var funnen.

Politiet organiserte leiteaksjonen i to tida natt til måndag, og både Røde Kors og Norske redningshundar bistod i leiteaksjonen.

 

Øvre Årdal og Hydro Aluminum.(Arkiv)