I fjor vart det meldt inn meir enn 38.000 innbrot til forsikringsselskapa. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen/NTB/NPK.

Tjuveri i norske hus og hytter for ein halv milliard kroner i fjor

Meir enn 38.000 tjuveri i norske hus og hytter vart melde til forsikringsselskapa i fjor. Det kosta meir enn 540 millionar kroner.

– Erstatningane frå tjuveri auka med 15 prosent, sjølv om talet på tjuveri totalt sett var nesten likte som i 2022, seier skadesjef Peter Lassen i Frende Forsikring.

Tala tyder på at tjuvane veit kva dei vil ha, meiner Lassen. Typiske ting som blir stolne, er dyr elektronikk, smykke, syklar og klokker.

Artikkelen held fram under annonsen.

I snitt kosta kvar tjuverisak i fjor 14.000 kroner, ifølgje tal frå Finans Norge.

Talet på innbrot gjekk ned under koronapandemien, då folk var meir heime. Dei siste åra har trenden derimot vorte snudd på hovudet.

– Frå 2021 til 2023 var det ein auke i kostnadene etter innbrot på heile 60 prosent. Talet på innbrot har auka med 32 prosent dei same to åra, seier Petter Lassen. (©NPK)