Tine justerer ned prognosane for levering av mjølk i år. Førebels er det ingen planar om kvotejustering. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Tine trur det blir mindre mjølkelevering i år

Tine justerer ned prognosane for levering av mjølk i år. Førebels er det ingen planar om kvotejustering.

Det skriv Nationen.

Stopp i grensehandelen grunna koronapandemien og forlengt osteeksport etter forseinka start for det nye meieriet til Tine i Irland førte til auka mjølkebehov. Kvotane auka til 1,01 i april og til 1,05 i juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har gitt ein kraftig vekst i mjølkeproduksjonen, men leveransane dei siste månadene har ikkje nådd heilt opp til nivået Tine venta.

Dei justerer difor ned forventingane til leveransane dei komande månadene.

Etter kvotejusteringa i juni venta dei ein samla produksjon her i landet på 1.513 millionar liter i år. Den nye prognosen viser leveransar på 1.506 millionar liter, ein nedgang på sju millionar liter.

(©NPK)