Tine lanserer ny skei i bambus som skal følgje med yoghurtbegera. Foto: Tine/NTB/NPK.

Tine med ny og lengre skei etter kraftig yoghurtkritikk

Tine har fått på plass ei ny og lengre bambusskei etter å ha fått massiv kritikk for den korte dei opphavleg hadde.

Tilbakemeldingane har vore positive, men ikkje alle er heilt fornøgde, seier Tine til Nationen.

– Vi har allereie fått positive tilbakemeldingar på at skaftet er lengre og at den opplevast som betre å ete av. Overflata opplevast som glattare. Vi har òg fått noko kritikk på at den framleis smaker litt tre og at ein må setje ho saman sjølv, seier leiar for berekraft i Tine, Bjørn Malm, til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye skeia er laga av bambus og kjem i to delar. Skeia har vorte lengre, og er no pakka inn i papir, ikkje plastfolie som den gamle skeia.

Den førre skeia fekk kritikk for å vere for kort, og enkelte meinte òg at ho smakte tre. Førebels er ikkje den nye på plass overalt.

– Dei første butikkane fekk den nye skeia for to–tre veker sidan. I første omgang er det berre meieriet vårt på Tunga i Trondheim som har han. Underleverandøren vår klarer ikkje å levere alle skeiene på ein gong, men på nyåret ser vi for oss at den er på plass på alle produkt som skal ha han, seier Malm.

(©NPK)