Tine la onsdag fram årsrapporten for 2023. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Tine etterbetaler 1 milliard til mjølkebøndene

Tine etterbetaler totalt ein milliard kroner til eigarane sine, som er 8000 norske mjølkebønder.

Tines salsinntekter auka med 6,6 prosent frå 2022 til 2023 og enda på 26,5 milliardar kroner, går det fram av Tines årsrapport, som vart lagt fram onsdag.

Delar av overskotet blir no sendt tilbake til bøndene. Dei får 77,3 øre per liter mjølk dei har levert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det norske forbruket av mjølk held fram med å falle, men det fell mindre enn venta, skriv Tine. Samvirket har ansvar for å regulere marknaden, slik at det blir produsert nok mjølk. Men i vinter har det vore mjølkemangel og Tine har måtta importere mjølk for å dekkje underskotet. (©NPK)