Ein større blokkstabel i fjellsida over Fv615 i Hopsstranda er sett saman av blokker på om lag ein til ti kubikkmeter. - Blokkene bør anten sikrast eller takast ned, tilrår geolog Arnstein Ommedal.

Tilrår sikring i Hopsstranda

* – Bør gjerast sikring innan to år * – Det blir gjort større og mindre tiltak i 2016

Måndag 13. april gjekk det eit steinras som stengde Fv615 i Hopsstranda i Hyen. Ein bilist på veg til jobb var svært nær ved å bli teken av raset. Etter det vart det tinga eit geolognotat om rasfaren på heile strekninga mellom Straume og Hope. Denne rapporten ligg no føre, og det vert peika på fleire sikringstiltak som bør gjerast innan to år.

Jens Tveit, geolog frå Statens vegvesen, var på synfaring i området den 4. mai til fots. Den 6. mai var det synfaring til fots med lokalkjende Matias og Erik Hope, geologane Ingrid Hynne og Arnstein Ommedal og byggjeleiar Vidar Solheim frå Statens vegvesen Same dag var det helikoptersynfaring av området frå Geo- og skredseksjonen, og med på synfaringa var geolog Ingrid Hynne, byggjeleiar Vidar Solheim og geolog Arnstein Ommedal frå Statens vegvesen. Geolog Arnstein Ommedal har utarbeidd ein rapport frå synfaringane der det vert peika på behov for fleire tiltak som bør setjast i verk innan to år. Avisa har fått innsyn i rapporten frå synfaringane.

Mange hendingar
– Det har komme fleire steinsprang og snøskred på denne vegstrekninga. I tillegg har det vore noko nedfall av is. Tidlegaste registrering i skredregisteret til Statens vegvesen er frå 1988. Type skredregistrering varierer noko, men av 20 registreringar er tolv steinnedfall og to av typen is/stein. Dei fire resterande registreringane er jamt fordelt mellom jord/lausmasseskred og flaumskred. Dei aller fleste registreringane av steinnedfall kjem frå fjellsida, ifølgje skredregisteret. Det ser det ut til å dreie seg om nedfall av blokker med volum under 10 kubikkmeter, skriv geologen i rapporten.

På synfaringa kunne Erik og Matias Hope opplyse om skredhendingar frå før skredregisteret til Statens vegvesen vart operativt. Mellom anna fortalde dei om eit større fjellparti som kom ned i området rundt 1960. I tillegg kunne dei opplyse at det fleire gonger har komme snøskred ned på vegen her.



Les heile saka i avisa fredag.

Denne blokka stammar frå eit tidlegare steinsprang frå fjellsida over. Volumet vert anslått til å vere om lag to–tre kubikkmeter, dvs. om lag seks-åtte tonn. Når trestammen rotnar og forsvinn kan blokka komme i rørsle att. Det vert difor tilrådd å fjerne trestammen og få lagt blokka stabilt på bakken.