Medaljevinnarane i diskos. Frå v Thomas Mardal, Oskari Perälampi, Finland og bronsevinnar Thor Rosvold, Norge. Foto: Jørund Årdal

Thomas tok sølv i nordisk

To glopparar med i nordisk meisterskap for juniorar i helga.
Thomas Mardal, Gloppen FIL sikra seg i dag ein flott sølvmedalje i diskos under den nordiske juniormeisterskapen og landskampen i Finland.

Thomas (18) leverte ein jamn og fin serie og sikra seg sølvet med solide 54,90 i sitt lengste kast i ei klasse der dei eldste er 20 år. Vinnaren frå Finland hadde eit lengstekast på 57,58 meter.
Laurdag deltok Thomas i kule og fekk ein fin fjerdeplass med resultatet 16,49. Her vann norske Marcus Thomsen med 18,68.
Også ein annan gloppar var i elden under tevlingane i Espo i Finland. Hans Sande kasta nok ein gong slegga over 60 meter. Han fekk resultatet 60,67 og det heldt til ein 6. plass. Den islandske vinnaren kasta slegga heile 77,60 meter.
Meisterskapen galdt også som nordisk landskamp. Her leia det norske laget klart etter første dag.