Thomas Mardal med kongepokalen under NM i friidrett på Ravnanger Idrettspark.
Thomas Mardal med kongepokalen under NM i friidrett i august.

Thomas er klar for VM

Sleggjekastaren Thomas Mardal, Gloppen Friidrettslag, er som venta teken ut til VM i Tokyo frå 13. til 21. september.

Publisert Sist oppdatert

Sleggjekvalifiseringa blir gjennomført natt til måndag 15. september norsk tid. Finalen går om ettermiddagen dagen etter. 

Tokyo-VM blir Mardal sin sjette internasjonale seniormeisterskap. Tidlegare har han delteke i EM 2022 og 2024, VM 2022 og 2023, og OL 2024. I OL vart det finale og 11.-plass. 

- Denne sesongen har Thomas teke nye steg, han er no nummer ti på verdsrankinga, opp ni plassar frå fjoråret. Finaleplass er eit naturleg mål i VM, og med resultat på 77-78 meter vil han kunne kjempe om topp seks i finalen, skriv Gloppen Friidrettslag i ei pressemelding. 

Mardal sin personlege rekord er på 78,44 meter, sett under NM på Askøy i byrjinga av august. Resultatet heldt også til kongepokal for kastaren frå Bukta. 

Powered by Labrador CMS