Dei strålande musikarane i To damer og To herrer, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen, kan du få med deg i Trivselshagen laurdag kveld. Søndag vert dei også med på radiogudsteneste i Vereide kyrkje.

Tett program på Jeremias

Det er tett mellom høgdepunkta, og framleis råd å få seg plass på helgas store Jeremiasfestival på Sandane. ”To damer og to herrer” bør kunne fylle Kultursalen åleine.

– Vi håpar at Kultursalen kan fyllast opp laurdag kveld, seier Atle Nygård hjå arrangørane.

Vi snakkar altså om strålande musikarar, søskenpara Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen. Dei presenterer eit program som spenner frå folkemusikk i Valdres og Trøndelag, til Bach, Paganini og Ole Bull.

Radiogudsteneste

Denne kvartetten spelar også ei viktig rolle i Vereide kyrkje søndag då det skal vere både gudsord og folkemusikk, som heile landet seinare skal få vere med på. Det er først gudsteneste der kvartetten deltek, deretter vert det ein halvtimes konsert. Med på gudstenesta vert også lokale stjerner som Elisabeth Gimmestad, Malin Victoria Alander, Synnøve Nordvik og Hanne Grete Heen, også Honndalsmusikken vert med og kastar glans over stunda.

– Sidan det skal gjerast opptak her, oppfordrar arrangørane om at folk møter litt tidlegare enn vanleg, seier Nygård.

Barne-Jeremias og dans

Fredags kveld er det konsert med Grove horn på Gloppen Hotell. Dei vert også sentrale på Gloppen folkebibliotek laurdagen, der borna er spesielt inviterte på Jeremiasfestivalen. Til dans på fredags kvelden spelar Randis Orkester og Glopperaddane. Laurdag kveld er det dans i Aulaen med Austrheim Musikklag og Grannelaget.
Mykje å glede seg til med andre ord.