Tett og spennande på Skei stadion

Det vart eit klassisk nabooppgjer då Jølster var vertskap for Sandane torsdag kveld.

Dei to laga er naboar både geografisk og på tabellen. Og det vart eit oppgjer med både fart, nerve og spenning på Skei stadion.

Håkon Schjølberg sender Sandane i føringa.

Tok føringa
Sandane tok føringa etter berre fem minutt då Håkon Schjølberg var høgast på ein dødballsituasjon i feltet til Jølster og heada forbi målvakta. Berre nokre minutt seinare måtte han forlate bana med tannskade og kløyvd leppe etter ein samanstøyt med ein Jølster-spelar.
Tre minutt seinare utlikna Jølster då Sandane-målvakt Simon Gimmestad feilrekna eit innlegg og Ola Vågane berre kunne breiside ballen i ope mål.



To raske
Etter 17 minutt var Sandane sin storscorar, Anders Frøyen i aksjon og sende Sandane i føringa. Same mann la på til 1-3 berre seks minutt seinare.
Første omgang var fartsfylt og jamspelt.
Andre omgang var meir eller mindre Jølster sin i banespel. Sandane la seg lågt og gav heimelaget lite bakrom og satsa på kontringar, men det låg ei Jølsterscoring i lufta.

Billeg
Den scoringa kom, ikkje etter spel, men som resultat av ei svært billeg straffe som Trond Vegard sette inn i det 79. minutt.
Scoringa var fortent etter spelet, og Jølster jakta utlikning. I staden kontra Sandane ved William Landøy som frå skrå vinkel fyrte av eit skot målvakta Almar Eli Færseth gav retur på. Abraham Johnny var påpasseleg framme og ekspederte ballen i mål. Dermed var kampen punktert og sluttresultatet 2-4