Tett kamp om sistemandatet

Senterpartiet går mykje tilbake på NRK si ferske supermåling, men ligg an til to distriktsmandat frå Sogn og Fjordane.

Partiet får ein oppslutnad på 28,3 prosent, tilbake 9,0 prosentpoeng sidan førre supermåling i august. Det er òg tilbake 1,4 prosentpoeng sidan 2017-valet.

Likevel ser partiet ut til å få både Erling Sande og Aleksander Øren Heen inn på Stortinget frå fjordfylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet får 25,5 prosent, fram 4,0 prosentpoeng den siste månaden og 0,9 prosentpoeng sidan førre stortingsval. Torbjørn Vereide er i praksis klar for Stortinget, no kan andrekandidat Marie-Helene Brandsdal også håpe på plass på Løvebakken.

Nærast å rive til seg Senterpartiet sitt andremandat er Høgre og Sunnfjord-ordførar Olve Grotle. Partiet går tilbake 3,0 prosentpoeng sidan august og får 11,2 prosent. Partiet treng kring 1.000 fleire stemmer for å vippe Øren Heen ut av stortingsbenken.

Også FrP seglar opp som ein reel utfordrar til sistemandatet. Partiet går fram 3,3 prosentpoeng og endar på 10,9 prosent.

Resultat for Sogn og Fjordane på NRK si supermåling, samanlikna med førre måling:

Ap 25,5 (+4,0)

FrP 10,9 (+3,3)

KrF 3,5 (-0,3)

Raudt 4,0 (+0,4)

Sp 28,3 (-9,3)

Artikkelen held fram under annonsen.

SV 6,2 (+1,1)

V 3,3 (+1,5)

MDG 4,3 (+1,3)

Andre 2,3 (+0,7)