illustrasjonfoto.

Tenåringsjente i 132 km/t

Ei kvinne i slutten av tenåra vart stoppa etter å ha fått ei snittmåling på 132 km/t i ei 80-sone i Hornindal natt til søndag.

Førarkortet vart inndrege, og jenta er meld.



Det har vore mykje uro i Stryn gjennom laurdagskvelden og natt til søndag.

Politiloggen viser at det har gått ganske jamt for politiet:
kl. 21.20 - politiet i Stryn vekka opp ein godt rusa person. Går no for eiga maskin.

kl. 23.30 - fire passasjerar som hang ut av vindauga på to køyrande bilar fekk alle gebyrar frå politiet i Stryn. Dyr lærdom, skriv politet!

kl. 0030 - Ei jente i slutten av tenåra får tilsyn av helse då ho opplyser å ha fått noko i drikka si som ho ikkje tolte.

kl. 0037 - slossing i sentrum, var roleg når politiet kom til staden.

kl. 0039 - trafikk, to jenter på 19 og 20 år som hang ut takluka på ein bil, fått gebyr for ikkje bruk av bilbelte.

kl. 0110 - slagsmål i sentrum, ein mann i 30 åra køyrt i arresten. Sak vert oppretta.

kl. 0114 - krangel i Stryn sentrum, kjærestepar i 20 åra, den mannlige part bortvist frå sentrum.

kl. 0150 - slosskamp, mellom tre menn i slutten av tenåra, den mistenkte part vert anmeldt og er bortvist frå Stryn sentrum.

kl. 0203 - overstadig berusa 17 årig gutt henta av far.

kl. 0343 - ordensuroing ved ein overnattingsstad, ein person er fjerna frå adressa.

Søndag morgon hadde politiet ruskontroll på Langeset i Stryn. 130 førarar vart kontrollert, og ein mann i slutten av tenåra fekk førarkortet kverrsett etter utblåsingsprøve.



Elles har det vore roleg i fylket bortsett frå ei par hendingar
kl. 0112 - Vik i Sogn, kroppskade, knekt nase, fornærma er ein mann i 30 åra, 2 mistenkte menn i 20 åra vert anmeldt.

kl. 0246 - Florø, tyveri frå utestad, mann i 20 åra vert anmeldt.

kl. 0251 - Førde, mann i 20 åra vert anmeldt for urinering på offentleg stad.