Temakveld: Å leve med sorg

Publisert

Kyrkja i Gloppen inviterer til temakveld om sorg i Sandane kyrkje torsdag 22. oktober.

Å miste ein person fører oftast med seg sorg. Sorg er ein naturleg og sunn reaksjon på tapet av den som er død. Samstundes er sorg svært individuelt. Sorg kan oppstå både når ein nærståande person har gått bort, og når nokon ein kjende til, ikkje er der lenger. Somme tider vert lokalsamfunn råka av sorg. Denne hausten har vi også erfart landesorg etter at kong Harald døydde. Når sorg og dødsfall er framme i media, kan det røre ved gammal eller nyare sorg ein ber på. 

Gjennom temakveld om sorg, ønskjer Kyrkja i Gloppen å formidle kunnskap og innsikt som kan vere til hjelp når ein sørgjer. I tillegg byr også kvelden på eit musikkinnslag og ei stund med mat og prat rundt borda.

Temakvelden startar med instrumental-musikk på flygelet i kyrkjerommet ved kyrkjemusikar Janne Øisang Grinaker. Vidare flyttar vi oss til festsalen i same bygg, og held fram med temakvelden der. 

Diakon Ingebjørg Fure Eide vil snakke om temaet "Mellom sakn og kvardag: om sorgprosessar". Ho tek føre seg nokre nyare modellar for å forstå sorg. Etter hennar innlegg vert enkel servering og tid til prat. Deretter vil prest Vidar Bjotveit ha innlegg om "Landsbyen i sorg". 

Alle er velkomne uavhengig av livssyn. 

Kyrkja i Gloppen

 

Powered by Labrador CMS