Illustrasjonsfoto.

Syklist døde i Lærdal

Ein mann i 80-åra døde etter ei trafikkulukke i Raubergtunnelen på Fv 243 nord for Lærdal sentrum tysdag føremiddag. Mannen sykla i tunnelen då han vart truffen av ein bil.

Politiet fekk melding om ulukka litt før klokka ti tysdag føremiddag. Alle naudetatar rykte ut og det var fort klart at det var snakk om ei alvorleg ulukke.

Det var to personar i bilen, ei kvinne og ein mann, og dei er fysisk uskadde, melder politiet.

Trafikkulykkekommisjonen til vegvesenet og krimteknikere fra politiet er på stedet. Dei gjennomfører avhør og vil etterforske saka vidare.

Det kommunale kriseteamet i Lærdal er også varsla, og de ggjev hjelp og støtte til dei involverte i saka.

Politiet kunne onsdag melde at det var John L Sæbø, 87 år gammal, som omkom i ulykken. Sæbø var busett i Lærdal.