24 arkitektfirma ønskjer å teikne fjordlandsbyen Sandane. Rådgjevar Birte Fossheim er overraska og glad over den store responsen (Arkivfoto frå i sommar då ho presenterte arbeidet med sentrumsutvikling).

Svært mange vil teikne den urbane Fjordlandsbyen

24 arkitektfirma og enkeltarkitektar har levert inn tilbod og vil lage skisser for det framtidige Sandane. – Vi er overvelda over interessa, seier Birte Fossheim.

Ho er rådgjevar i Gloppen kommune og leier arbeidet som skal munne ut i ein ny reguleringsplan for kommunesenteret. Første steg var gjennomføring av ei sentrumsanalyse som peikar på utfordringane og visjonane for sentrum. No er andre del av prosjektet godt i gang.

Dei gode løysingane

– Vi er på jakt etter dei gode løysingane som reguleringsplanen skal byggje på, seier Birte. Målet er eit funksjonelt og moderne sentrum med vekt på t.d. mjuke trafikantar, næringsdrivande, meir fortetta bustader og betre sambinding mellom handelssenter og kultursenter.

– Desse utfordringane vert spelt inn overfor arkitektane som skal lage skisser vi skal gå etter, seier Birte. Det skal teiknast kontrakt med to fagteam som skal arbeide parallelt.

– Og vi skal stå fritt til å plukke løysingar frå skissene dei kjem med, seier Birte Fossheim. Då fristen gjekk ut torsdag, var det kome inn tilbod frå 24 arkitektar og arkitektfirma.

Les heile saka i papirutgåva måndag.