Utdanningspolitisk talsperson Freddy André Øvstegård i SV håpar forhandlingene med regjeringa fører til auka studiestøtte. Foto: Javad M. Parsa/NTB/NPK.

SV vil gi 355 millionar kroner meir til studentane

SV motset seg studiestøtte-stillstanden til regjeringa og vil gi ei ekstraløyving på 355 millionar kroner til studentane.

VG får fredag stadfesta at SV vil krevje høgare studiestøtte når dei snart legg fram det alternative statsbudsjettet sitt.

– Vi har lagt inn ei ekstra løyving på 355 millionar kroner for å få auka studiestøtta frå 1,2 til 1,3 G. Vi meiner ho på sikt skal endå høgare, men som ein start foreslår vi i budsjettet ein auke som vil gi studentane omkring 140.000 i året. Det vil dei merke, seier utdanningspolitisk talsperson for SV Freddy André Øvstegård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overfor NTB understrekar Øvstegård at studiestøtta er for låg.

– Studentane er avhengige av rike foreldre som kan sponse utdanninga deira, eller så må dei jobbe så mykje ved sida av at det går utover studiane, seier han.

Øvstegård fortel at SV tek dette inn i budsjettforhandlingane med regjeringa. I slutten av oktober gav høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) tommel ned til høgare studiestøtte i denne omgangen.

(©NPK)