GHK tapte igjen.

Surt tap mot serieleiaren

Det vart eit knipe og surt tap for damelaget til GHK mot Bjørnar. GHK-damene leia med tre mål åtte minutt før full tid, men gjekk av bana utan poeng.

Alle visste det ville bli ei tøff oppgåve mot topplaget, men det er likevel alltid eit håp. Med fleire erfarne spelarar tilbake på laget, kan det meste skje på ein god dag, og GHK hadde ein god dag.

Jamt
Det vart ein jamn og spennande kamp der laga følgde kvarandre. Ved pause leiar Bjørnar med to mål, men GHK tok føringa i andre omgang og leia med tre mål åtte minutt før full tid.
GHK rota bort leiinga og gjekk på eit surt eittmålstap, 26-27.

- Veldig surt. I dag kunne vi like godt ha vunne med eitt mål, seier lagleiar Kjell Aske.

Les hans analyse av oppgjeret i måndagsavisa.