Styringsrenta settes opp ytterligere 0,5 prosentpoeng til 2,25 prosent, varslet sentralbanksjef Ida Wolden Bache torsdag.Arkivfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Styringsrenta blir sett opp til 2,25 prosent – det høgaste nivået sidan 2011

For tredje gong på rad kjem Noregs Bank med ein dobbel renteauke. Styringsrenta er no på 2,25 prosent, det høgaste nivået sidan 2011.

Prisveksten har stige raskt dei siste månadene og har vore mykje høgare enn venta. Arbeidsmarknaden er stram, men det er no tydelege teikn til at økonomien kjøler seg ned. Mindre press i økonomien vil etter kvart bidra til at prisveksten minkar, skriv Noregs Bank.

– Prisveksten er klart over målet vårt på 2 prosent, og det er utsikter til at han held seg høg lenger enn tidlegare anslått. Vi set opp renta for å dempe prisveksten, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Truleg ny auke i november

– Mange får ein strammare økonomi når prisane aukar raskt samtidig som renta blir sett opp. Men ved å heve renta raskare no, reduserer vi risikoen for at prisveksten festar seg på eit høgt nivå. Dermed blir også behovet for å setje renta mykje opp seinare redusert, seier ho.

Sannsynlegvis kjem det ei ny renteheving i november, opplyser sentralbanken.

– I løpet av det siste året er styringsrenta sett opp frå null til 2,25 prosent. Pengepolitikken byrjar no å verke innstrammande på norsk økonomi. Det kan tilseie å gå meir gradvis fram i rentesettingen framover. I prognosane er det lagt til grunn at styringsrenta aukar til rundt 3 prosent i løpet av vinteren.

Usikre prognosar

Det vidare løpet for renta vil avhenge av den økonomiske utviklinga, og prognosane er meir usikre enn normalt, understrekar Wolden Bache.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss det ser ut til at inflasjonen held seg høg lengre enn vi no anslår, kan det bli behov for ei høgare rente. Viss inflasjonen og aktiviteten minkar raskare enn vi ser for oss, kan behovet for renteaukar bli mindre.

Auken på 0,5 prosentpoeng torsdag er i tråd med det økonomane spådde på førehand. Fredag er det eitt år sidan sentralbanken sett opp renta første gong frå det historiske nullnivået under koronapandemien.