Smeltande is frå isbrear som kalvar ut i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard. Foto: Are Føli/NTB scanpix/NPK.

Studie: Isbrear smeltar mykje fortare enn tidlegare anslått

Isbrear verda rundt smeltar mykje fortare enn det forskarar tidlegare har rekna med, viser ein fersk rapport.


Den meste omfattande målinga av isbrear globalt har avdekt at tusenvis av isbrear krympar 18 prosent fortare enn eit internasjonalt panel anslo i 2013.


Rundt 369 milliardar tonn med snø og is går tapt frå isbreane årleg, slår rapporten fast. Han er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Nature.


– På 30 år har nesten alle område byrja å miste masse rundt same tid. Det er heilt tydelege klimaendringar, seier rapportforfattar Michael Zemp, som òg leier World Glacier Monitoring Service ved University of Zürich,


Isbreane krympar fortare i mellom anna Sentral-Europa, Kaukasus-området, vestlege Canada og store delar av USA. I desse områda går over 1 prosent av massen tapt kvart år.


– I desse områda, gitt delen masse som går tapt årleg, vil ikkje isbreane overleve dette hundreåret, seier Zemp. (©NPK)