Det er ikkje noko generelt behov for å gi folk påfyll med ein tredje vaksinedose, skriv ei rekke forskarar i det anerkjente medisinske tidsskriftet The Lancet. Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten/NTB.

Studie: Ikkje behov for ein tredje vaksinedose

Vaksinane er så effektive mot alvorleg covid-19 at det førebels ikkje er noko generelt behov for ein tredje dose, ifølgje ein rapport publisert i The Lancet.

Enkelte land har byrja å tilby ein tredje dose på grunn av frykt for den meir smittsame deltavarianten. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har bede om stans i praksisen og er bekymra for leveransane av vaksinar til fattigare land, der millionar framleis ikkje har fått nokon vaksinedosar.

Forskarar, også frå WHO, skriv i det anerkjende medisinske tidsskriftet The Lancet at sjølv når ein tek omsyn til risikoen deltavarianten utgjer, er det «ikkje passande å gi påfyll med ein tredje dose til befolkninga generelt på dette stadiet i pandemien».

Artikkelen held fram under annonsen.

Forfattarane seier observasjonsstudiar og kliniske studiar viser at vaksinane framleis er svært effektive for å unngå alvorleg sjukdom for alle virusvariantar.

(©NPK)