Fredag gjekk det eit stort snøskred i Kjenndalen i Loen. Både bilar og campingvogner blei tekne av skredet. No vil kommunen ha årlege skredvurderingar før turistsesongen. Foto: Thomas Thaule/Fjordingen/NTB.

Stryn-ordførar vil skjerpe skredvarslinga i kommunen etter Loen-skredet

Stryn kommune ønskjer årlege skredvurderingar etter det store skredet som gjekk i Kjenndalen i Loen fredag.

Fredag gjekk eit stort snøskred Loen i Stryn. Skredet tok med seg både bilar og campingvogner, men til alt hell vart berre tre personar lettare skadde i skredet.

Skredet starta i 1.600 meters høgd og sette kursen mellom anna mot turistane ved Kjenndalen, ikkje langt frå Lovatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje uvanleg med skred i Kjenndalen, men vanlegvis går skreda tidlegare på året – før turistsesongen. Til NRK seier Stryn-ordførar Per Kjøllesdal (Sp) at ei årleg skredvurdering før turistsesongen startar om våren er eit tiltak dei vurderer framover.

– Vi må ha ein tett dialog med lokalbefolkninga som kjenner området. Eg ser også føre meg at vi må opp med helikopter og fagfolk for å vurdere snøsituasjonen, seier ordføraren.

Ifølgje geolog Odd Are Jensen i NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) kan det komme nokre mindre vanlege vårskred i området, som spreier seg lite.

– Faren for dei store skreda er nok over for i år, sjølv om vi ikkje heilt kan sjå bort frå fleire. (©NPK)