Framstegspartiet sin justispolitiske talsperson Per-Willy Amundsen meiner forbod mot søskenbarnekteskap er eit viktig gjennomslag. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Stortingsfleirtalet vil forby søskenbarnekteskap

Eit fleirtal i justiskomiteen på Stortinget går inn for å forby ekteskap mellom søskenbarn. No kranglar Ap og Frp om kven som har æra for vedtaket.

Det er Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet som no går saman for å sikre fleirtal for forbodet.

VG melde om nyheita først.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein stor dag, jublar Framstegspartiets justispolitiske talsperson Per-Willy Amundsen, som har vore saksordførar for saka.

– Dette har vore ei viktig politisk kampsak for Frp i over 20 år, seier Amundsen til NTB.

«Modningsprosess»

Amundsen trur det har vore ein «modningsprosess» i dei andre partia.

– Vi stod åleine i den debatten på 00-talet. Men etter kvart har vel folk sett at behovet for å gjere noko på dette området, har vorte større. Når Arbeidarpartiet endeleg har snudd, og vi får Senterpartiet med på laget, så klarer vi òg å skaffe fleirtal i Stortinget.

Arbeidarpartiets integreringspolitiske talsperson Siri Gåsemyr Staalesen har derimot ei anna oppfatning av sakshistoria.

– Frp har sete i regjering i sju år og vore heilt handlingslamma, dei måtte komme i opposisjon for å få gjennomført ei sak som er så viktig for dei. Vi ser at regjeringspartia ikkje blir med, sjølv om både Høgre og Abid Raja har uttalt at dei er for. Vi synest det er synd at ikkje alle kunne einast om dette no, uttaler ho til NTB.

Høgre vil vente

Kulturminister Abid Raja (V) har tidlegare stilt seg positiv til eit forbod mot søskenbarnekteskap.

Høgres programkomité varsla tidlegare i haust at dei går inn for at partiet skal støtte eit forbod, men Høgre stemde «av tekniske årsaker» mot forbod i justiskomiteen torsdag, skriv VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirtalet i justiskomiteen går òg inn for å lovfeste at foreldre skal hindre kjønnslemlesting og tvangsekteskap.

(©NPK)