Sofie Marhaug i Raudt er flau over manglande debatt om lønnsauke for stortingsrepresentantar og regjeringa.

Stortinget vedtok eigen lønnsauke

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) får ein lønnsauke på over 100.000 kroner. Stortinget vedtok òg lønnshopp til regjeringsmedlemmer og stortingsrepresentantar.

Publisert

Stortingsrepresentantar får 1.272.209 kroner per år, ein auke på 57.232 kroner, ifølgje Dagbladet. Regjeringsmedlemmer får 1.815.703 kroner per år, opp 81.683 kroner.

Statsministeren får 2.234.978 kroner i lønn i året, opp 100.544 kroner.

Endringane er i tråd med frontfaget og inneber eit lønnsoppgjer på 4,4 prosent.

Lønnsauken vart vedteken av Stortinget torsdag. SV, Raudt og MDG røysta imot.

Sofie Marhaug i Raudt synest lønnsauken er flau. Ho meiner fleirtalet i stortingssalen manglar magemål.

– I dag er eg flau. Fleirtalet i denne salen vil at denne lønnsauken blir gått forbi i stille, og at politikarar skal bli rikare og rikare, sa Marhaug. (©NPK)

Powered by Labrador CMS