Stortinget stansar auka skatt på småkraft
Torsdag skal Stortinget vedta å skrote planane om å auke grunnrenteskatten for småkraftverk. Og dei fredar nivået som ligg der i dag som eit maksimum.
Ap-regjeringa ønskte opphavleg å senke terskelen for grunnrenteskatt for småkraftverk frå nivået i dag på 10 megawatt (MW) til 1,5 MV.
Men allereie i november vart det klart at dei hadde stortingsfleirtalet mot seg. Senterpartiet gjekk saman med dei borgarlege partia og fremja eit forslag om å skrote planane.
Det er dette forslaget som torsdag skal opp til behandling i Stortinget, og som etter alle solemerke får fleirtal.
Regjeringa blir gitt ein instruks om at «innslagspunktet for grunnrenteskatt og naturressursskatt på vasskraft ikkje blir senka frå nivået det ligg på i dag i inneverande stortingsperiode».
Fleirtalet ber også regjeringa instruere Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å få opp farten på saksbehandling av småkraftkonsesjonar der desse effektivt kan styrkje kraftbalansen.
Sp bruker nøkkelposisjon
Senterpartiets Erling Sande seier at fleire små vasskraftprosjekt stoppa opp i haust på grunn av Ap-skatteforslaget.
– Dette handlar om føreseielegheit og tillit mellom staten og dei som investerer i norsk fornybar kraft. Utan gode vilkår stoppar investeringane opp. Om vi svekkjer grunnlaget for små vasskraftverk no, svekkjer vi også kraftbalansen og verdiskapinga i åra framover. Derfor bruker vi i Senterpartiet vår nøkkelposisjon til å sikre eit fleirtal for å stanse denne skatten, seier Sande til NTB.
Ap, SV, Raudt og MDG har ikkje varsla støtte til forslaget.
Då saka var til behandling i energikomiteen på Stortinget, viste Raudt og Ap til at det sidan 2020 har vorte sett i drift 180 kraftverk under den nedre grensa på rundt 10 MW, medan det berre er sett i drift eitt kraftverk mellom 10 og 20 MV.
– Desse medlemmene meiner at skattereglane bør formast ut slik at kraftverka utnyttar kraftpotensialet skikkeleg når det først blir bygd ut. Grense verkar ikkje slik, skreiv dei i merknadene sine.
MDG meiner den foreslåtte reduksjonen i grensa for grunnrenteskatt, ikkje burde gjelde for kraftverk som allereie har fått konsesjon. Samtidig støttar dei ikkje forslaget om eit øvre tak for grunnrenteskatten.
Vil forby krypto-datasenter
Torsdag skal Stortinget også vedta eit anna energiforslag, som omhandlar datasenter.
Eit breitt fleirtal beståande av alle partia i energikomiteen utanom Venstre, har varsla at dei stemmer for å be regjeringa komme tilbake til Stortinget med eit forslag om forbod mot etablering av datasenter for kryptovaluta.
Dei ber også regjeringa vurdere den samfunnsmessige nytta av ulike datasenteretableringar, og komme tilbake med vurderingane til Stortinget. (©NPK)