Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) hasteinnkallar til stortingsmøte i september. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Stortinget avbryt ferien – ekstraordinært møte om straumsituasjonen

Høgre vil få igjennom straumstøtteordningar både for folk og bedrifter når Stortinget samlast til ekstraordinært møte om ein månad. Regjeringa lovar ingenting.

– Kraftsituasjonen er alvorleg. Og regjeringa tek situasjonen på det største alvoret. Det gjer Stortinget, òg, seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) til NTB.

Under eit møte tysdag formiddag vart presidentskapet einstemmig samd i å avbryte stortingsferien i midten av september for å samlast til ekstraordinært møte om straumsituasjonen. Datoen er førebels ikkje sett, men det skal presidentskapet komme fram til «i samarbeid med regjeringa», ifølgje Gharahkhani.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har inga oppfatning om kva han vente at regjeringa har med seg til møtet, anna enn ei forklaring for situasjonen. Så skal dei politiske partia få ytre sitt syn og «moglegheit til å diskutere», ifølgje presidenten.

Presidentskapet var einstemmig i avgjerda si. I tillegg til dei to regjeringspartias tre representantar, er Høgre, SV og Frp representert med kvar sin medlem.

Aasland: – Godt høve

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) la måndag fram ein plan for arbeidet med straumsituasjonen og sa til Dagsavisen at det i lys av denne planen ikkje var behov for noko ekstraordinært møte. Han tek innkallinga med stor ro.

– Det er jo eit fint høve for meg til å gjere greie for det regjeringa allereie har gjort, både når det gjeld å styrkje energiproduksjonen i tida framover og når det gjeld forsyningstryggleiken. Dette blir ei god moglegheit til å få fram regjeringas veldig aktive politikk på dette området, seier han til NTB.

Regjeringa har lova både å gi straumstøtte til hushalda så lenge prisane held seg unormalt høge, og at det vil komme ei ordning for bedrifter som slit, innan statsbudsjettet blir lagt fram. Aasland vil likevel ikkje røpe nokon detaljar om denne.

– Vi jobbar med ulike modellar, er det knappe svaret. Ein av dei skal vere ei tilpassa ordning som liknar hushaldas, etter det NTB får opplyst.

Høgre forventar sak

Regjeringa legg opp til at det mest vesentlege av arbeidet med å avhjelpe den akutte straumsituasjonen skal gjerast innan forslaget til statsbudsjett blir lagt fram i starten av oktober.

Seks vekers tid frå krisemøtet med partane i arbeidslivet bør vere tilstrekkeleg til å arbeide fram eit forslag til straumstøtteordning for næringslivet, meiner Høgre, som har antyda 15. september som ein slags uformell frist. No gjentek energipolitisk talsperson Nikolai Astrup oppmodinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høgre forventar at regjeringa legg fram ei sak med bedriftsstøtte som kan behandlast på eit ekstraordinært møte i Stortinget i september. Når vi først har den saka til behandling, kan vi også behandle den varsla auken i støtte til hushalda. Regjeringa må fremje forslag som Stortinget kan ta stilling til, seier han til NTB.

Høgre var blant partia som innleiingsvis var positive til å hasteinnkalle Stortinget, men som etter kvart lét seg roe av regjeringas løypemeldingar om arbeidet med straumstøtte til folk og bedrifter.

La fram plan

Både Framstegspartiet og Raudt, som har vore ivrigast i kritikken sin av regjeringa – som dei meiner har vore for treig og for lite handlekraftig, varslar no at dei vil leggje fram eigne forslag. Begge ønskjer makspris og sterke eksportavgrensingar.

Frp-leiar Sylvi Listhaug er skuffa over at møtet ikkje fann stad langt tidlegare. Ho kritiserer regjeringa for å ta seg altfor god tid, medan folk og bedrifter er bekymra for kor høge straumprisane kjem til å bli til vinteren.

– Vi har klar ei sak vi ønskjer at Stortinget skal behandle og kjem til å fremje ni forslag. Dei omhandlar mellom anna makspris på straum, kontroll på eksporten, å ha beredskap ved rasjonering og å stanse elektrifisering på sokkelen, seier Listhaug til NTB.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner ein makspris på 35 øre kilowattimen – tre gonger produksjonskostnaden – er det einaste som kan sikre føreseielegheit og berekraft.

– Eg håpar regjeringa kjem med ei sak, men trur ikkje ho vil gjere det til midten av september. Derfor må Stortinget ta ansvar og vedta tiltak som kan løyse straumkrisa, både på kort og lang sikt, seier han. (©NPK)