Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at det ikkje kjem ei ny nedstenging nå. Foto: Annika Byrde/NTB/NPK.

Støre set sin lit til tredje vaksinedose

Statsminister Jonas Gahr Støre varslar ein offensiv for å auke vaksineringa med tredje vaksinedose. Det vil få ned innleggingsstala på sjukehusa, seier han.

– Om det er ein raud tråd i bodskapen min, så er det at vaksinasjon verkar, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han gjesta nyheitsmorgon på NRK tysdag morgon.

– Det kan få ned auken vi har sett i innleggingar og gir godt vern, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inga nedstenging

Klokka 10 skal Støre gjere greie for Stortinget om status og vidare løp for koronahandteringa. Eit par timar seinare, klokka 12, held regjeringa pressekonferanse om nye koronatiltak.

Støre vil ikkje røpe kva tiltak som kjem, men seier at det viktigaste er å sørgje for at helsevesenet er rusta og å hindre ei ny nedstenging. Til VG avkreftar Støre at det kjem ei ny nedstenging no.

– Det kan vi få til med ei kraftfull gjennomføring av tredje dose av vaksinane, seier Støre.

Avfeiar breie tiltak

Høgre har den siste tida kritisert regjeringa for å vere for passiv i koronahandteringa. Samtidig har fleire ordførarar bede om strengare nasjonale tiltak.

Støre meiner på si side at det viktigaste er å setje kommunane i stand til å innføre lokale tiltak.

– Breie tiltak for kommunar med veldig ulik smittesituasjon er lite klokt, seier Støre.

– Eg skjønner at folk er urolege når dei ser at smitten aukar. Men situasjonen er veldig annleis enn for eitt år sidan, då det var smitte og ikkje vern, seier han.

Følgjer med på omikron

Støre fortel at regjeringa følgjer nøye med på den nye virusvarianten, omikron.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må ha tiltak mot han. Det jobbar vi med time for time for å verne oss slik at vi kan hindre og avgrense spreiinga viss den kjem til Noreg, seier Støre.

Helsestyresmaktene meiner det berre er eit tidsspørsmål før koronavarianten omikron blir stadfesta òg her i landet.

(©NPK)