Ap-leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum tok kvarandre i handa og erklærte regjeringsforhandlingane for landa, men enno står det att å leggje regjeringskabal. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Støre og Vedum samde – ny regjeringsplattform blir lagt fram onsdag

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er i mål med forhandlingane og klare til å danne regjering torsdag. Dagen før presenterer dei politikken dei skal styre etter.

– Vi har avslutta ein mange dagars tøff arbeidsøkt. Det har vore mange timar arbeid, og det første vi kan slå fast, er at Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om at vi kan danne regjering.

Det var Ap-leiar Jonas Gahr Støres bodskap til pressa då han og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum kom ut frå Hurdalsjøen Hotell i 17-tida fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ni dagar med formelle regjeringsforhandlingar kunne dei to endeleg ta kvarandre i handa:

– Bodskapen vår er at vi er klar til å danne regjering torsdag neste veke, sa Støre.

Ventar til onsdag

Sjølve regjeringsplattforma blir ikkje lagt fram før onsdag neste veke. Men det er berre kvalitetssikring og redaksjonelt arbeid som står att, understrekar dei to partileiarane – dei politiske forhandlingane er dei ferdige med.

– Eg vil seie at all politikk no er avklart, sa Støre.

Han ville ikkje gå i detalj om innhaldet i regjeringsplattforma, men beskreiv prosjektet til den nye regjeringa slik:

– Vi er samde om at det no er vanlege folks tur. At vi skal få ned forskjellane i landet. At vi skal leggje til rette for gode liv i heile landet. Vi skal sikre eit godt arbeidsliv med trygge jobbar og heile, faste stillingar. Klimakrisa skal vi møte aktivt, og vi har eit program for å ta Noreg vidare.

Ifølgje Vedum handlar det om å utvikle alle delar av landet, ha tenester nær folk, få ned forskjellane og bruke naturressursane til å skape arbeidsplassar.

– Det er veldig tilfredsstillande at vi har landa her, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må godkjennast

Før plattforma blir lagt fram, må ho òg behandlast av stortingsgruppene til dei to partia.

Dei to partileiarane er ikkje redd for å bli avviste.

– Vi skal sørgje for at stortingsgruppa skal ta stilling til dette på ein ordentleg måte, seier Støre til NTB.

– Er det nokon risiko for at stortingsgruppene vil seie nei til dette dokumentet?

– Vi skal sjølvsagt ha dei rundane vi skal ha med gruppa, men så jobbar verken Jonas eller eg i eit vakuum. Vi veit jo heile tida der vi har dei ulike delane av partiet, seier Vedum.

Støre legg til at han meiner han i forhandlingane har fått gode gjennomslag for Ap.

– Så er det formelt stortingsgruppa som godkjenner til slutt, men eg er veldig trygg på ei fin mottaking der.

Spenning

Det er knytt spenning til kva dei to partia har vorte samde om i ei rekkje spørsmål, blant dei EØS-avtalen, skatt og CO2-avgift. Lagnaden til Høgskolen på Nesna, Andøya flystasjon, Ullevål sjukehus og storfylket Viken kan òg bli stadfesta i regjeringsplattforma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange lurer òg på om Sp klarer å innfri løfte om å gjenopne lensmannskontor i distrikta og fødeavdelinga i Kristiansand, og opne ei fødeavdeling i Alta.

Dei to partileiarane avviste alle spørsmål om slike enkeltsaker då dei kom ut frå hotellet. Ifølgje Støre står dei saman om hovudtyngda i prosjektet.

– Så er det reelle usemjer og det har vi òg handtert på ein respektfull og god måte.

På spørsmål frå NTB om kva den nye regjeringa skal heite, svarte Støre spøkefullt:

– Regjeringa i Noreg.

Så sette han seg i baksetet på ein svart bil og vart køyrd vekk.

(©NPK)