Statsminister Jonas Gahr Støre her avbilda med nestleiar Tonje Brenna under Arbeidarpartiets landsstyremøte i mars.

Støre held gjerne fram som statsminister i 2029

Jonas Gahr Støre (65) stadfestar at han vil stilla som statsministerkandidat òg ved neste stortingsval.

Publisert

– Ja, det er den klare planen min, seier Støre til TV 2.

Statsministeren varslar at han stiller som Arbeidarpartiets statsministerkandidat i 2029, viss landsmøtet seier ja. Då vil han vera 69 år gammal, og vil dermed vera Noregs eldste statsminister på over 100 år.

– Det er ein alder. Men eg trur eg har ei arbeidskraft, helse og kapasitet og tempo som står seg til den jobben eg har. Det er det eg forheld meg til, seier han.

Det er særleg krigen i Ukraina og ansvaret for Noregs tryggleik som gjer han motivert til å halda fram.

– Det å vera statsminister vart jo meir alvor og krig enn eg kanskje kunne sjå for meg i 2021, seier Støre.

Allereie i desember sa Støre i eit intervju med Vårt Land at han var open for å vera statsministerkandidat i 2029.

19. januar i år vart Støre Arbeidarpartiets tredje lengstsitjande leiar. Med snart 12 år som partileiar har han no berre Oscar Torp (22 år) og Einar Gerhardsen (20 år) framfor seg. (©NPK)

Powered by Labrador CMS