Salet av sportsutstyr har gått opp under pandemien. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Store forskjellar i handel frå bransje til bransje

Detaljhandelen gjekk ned med marginale 0,1 prosent frå desember til januar. Klesbutikkar hadde eit kraftig fall, medan salet av sportsutstyr auka.

Det viser dei sesongjusterte tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Pandemien og restriksjonane har bidrege til at nordmenn har vridd konsumet sitt i retning av å bruke mindre pengar på kjøp av tenester og meir på varekonsum. I tillegg er det mindre grensehandel og reising.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse store endringane i handlemønsteret til nordmenn fører til store utslag i dei sesongjusterte tala, og omsetningsvolumet i detaljhandelen har lege langt over nivåa som var før pandemien, melder SSB.

(©NPK)