– Eg ser ikkje at ein medlemsdebatt er det vi treng i dag, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Foto: Beate Oma Dahle/NTB/NPK.

Støre avviser ny EU-debatt

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner vi ikkje treng nokon ny EU-debatt i dag.

På ein konferanse i Oslo måndag om vegen vidare for Noregs forhold til EU var Støre ein av innleiarane.

På konferansen var også Italias tidlegare statsminister Enrico Letta invitert. Han står bak ein mykje omtalt rapport om EUs økonomiske framtid. Letta meiner at EU – og Noreg – må bli betre integrert, og han peikar på at meir samarbeid er viktig for å styrkje tryggleiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom vi ikkje har ein felles marknad for finansielle tenester, for kommunikasjon og for energisjølvstende, har vi ingen tryggleik, sa han.

Men på spørsmål frå Klassekampen om Støre ønskjer ein norsk debatt om medlemskap i EU, er han klar:

– Nei. Det er ikkje tema no. Vi står i ei uroleg tryggingspolitisk tid. Vi må halde fast i den breie semja om dei viktigaste tryggingspolitiske spørsmåla. EØS-avtalen har også viktig tryggingsbetydning for oss. Så får det gå ein debatt om forholdet vårt til Europa. Det er eg open for. Men eg ser ikkje at ein medlemsdebatt er det vi treng i dag. (©NPK)