Stor gjevarglede på Nordstranda

Nordstranda skule har samla inn ikkje mindre enn 16 000 kroner til TV-aksjonen. 

Publisert Sist oppdatert

Pengane er samla inn gjennom ein Spleis som skulen har oppretta, og kafé arrangert av 1.- og 6. klasse for foreldre, besteforeldre, naboar og andre kjende.

Rektor Elisabeth Sunde Andenæs er imponert over beløpet som er kome inn.

- Det viser eit stort engasjement og stor gjevarglede, seier ho. 

Dei innsamla midlane frå den årvisse TV-aksjonen skal denne gongen gå til NRC Flyktninghjelpen, som er den største humanitære organisasjonen i Noreg. 

Organisasjonen gjev naudhjelp og kjempar for rettane til menneske som er på flukt i dei verste krisene i verda.

Pengane som kjem inn søndag skal brukast til telt og andre naudbustader, mellombelse og varige heimar, juridisk hjelp, vass- og sanitærprosjekt, og bidra til at over 400 000 personar i Gaza, Syria, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo får tryggare og betre buforhold.

Powered by Labrador CMS