Nordmenn handla langt meir på nett med internasjonale betalingskort i 1. kvartal i år enn i tilsvarande periode året før. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Sterk vekst i netthandel med kort

Nordmenn handla langt meir på nett med internasjonale betalingskort i første kvartal i år enn i tilsvarande periode året før.

I samband med koronautbrotet har Statistisk sentralbyrå (SSB) sett nærare på korleis internasjonale betalingskort, som Visa, Eurocard, MasterCard og American Express, har vorte brukt den siste tida.

Tilnærma all netthandel skjer med slike kort. Statistikken viser ein betydeleg auke i årets første kvartal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I denne perioden vart det utført 103 millionar betalingstransaksjonar over internett, medrekna Vipps-betalingar, for 44 milliardar kroner med internasjonale betalingskort som er utskrivne i Noreg.

Dette er 19 prosent fleire slike betalingstransaksjonar og ein verdiauke på 17 prosent i forhold til same periode i fjor. Samtidig gjekk anna kortbruk ned med 7 prosent.

Tek vi med all bruk av internasjonale betalingskort utskrive i Noreg vart det registrert 205 millionar transaksjonar. Det svarte til ein verdi på 88 milliardar kroner i same kvartal.

I første kvartal vart det kjøpt varer og tenester, med norske kort på nettet, for høvesvis 14,2 milliardar kroner og 25,7 milliardar kroner. Resten av beløpet gjaldt overføringar.

Blant tenestene dominerte reiseverksemd, med i alt 11,3 milliardar kroner. Det vart 4,7 milliardar kroner på kultur, underhaldning og fritid. Denne posten omfattar òg «lotteri og totalisatorspel», som utgjorde 2,8 milliardar kroner.

Av varer vart det brukt mest pengar på digitalt utstyr, i alt 3,3 milliardar kroner. Hobby og daglegvarer utgjorde høvesvis 1,9 milliardar og 1,8 milliardar kroner.

Helse- og apotekvarer utgjorde vel 1 prosent, det vil seie 192 millionar kroner.

(©NPK)